mandag 19. februar 2007

Klimafiendtlege medier

Jeg har fått lov til å legge ut et leserbrev av Anne Viken som stod i Vårt Land 10. januar. Jeg syns leserbrevet har en litt uventet vinkel, nemlig at det ikke gagner miljøet å skrive om hvor dyrt det er å være miljøvennlig i Norge fordi det fører til at mange tar dårlig valg på grunnlag av en kostnadsanalyse som ikke alle tilfeller er reell.

Ikkje all medieomtale gagnar klimaet.

Torsdag 4. januar har Vårt Land oppslag på at det er langt dyrare å ta tog mellom Oslo og Bergen enn det er å ta fly. Vidare kan vi lese at standardprisen på tog på strekninga er 728 kroner ein veg, mot mellom 366 og 1.646 kroner ein veg med fly. Altså viser reknestykket at det er langt dyrare å ta tog enn fly på den konkrete dagen journalisten har sjekka ut. Det er ei kjensgjerning at om ein bestiller billetten same dag som ein vil reise, får ein ofte ikkje spesielt gode prisar, men at ein på eit slikt grunnlag slår opp på framsida av avisa at prisen på ein einvegsbillett Oslo-Bergen er 728 kroner, vert direkte feil. Her ligg dårleg og klimafiendtleg journalistisk research til grunn. Vil du ta toget mellom Oslo og Bergen, er det nemleg ei enkel sak å få miniprisbillettar til 199 kroner ein veg. Du går inn på www.nsb.no, fyller ut reisestrekning og vel vidare billettype minipris (økonomi). Det er sjølvsagt ein fordel å vere tidleg ute med bestillinga om ein vil sikre seg billege togbillettar, men det same er tilfelle for fly: Jo før du bestiller, jo lettare er det å skaffe seg billegare billettar. Saken kunne ergo vore: Bestiller du i tide (nokre dagar før), kan du reise både billeg og miljøvenleg. Flyprisane på strekninga Bergen-Oslo slår nemleg ikkje ut NSB på pris, berre på reisetid. Saken kunne dermed også ha vore: Tog billegare enn fly. Er du i tillegg student, er togprisane på andre alternativ enn minipris også svært overkomelege og langt billegare enn fly sjølv om du bestiller kort tid på førehand. Prisen for student er 199 kroner om du reiser på billettype økonomi (minipris) og 546 kroner om du reiser på økonomi (ordinær). Siste alternativ er rett nok dyrare enn fly, men framleis godt under 728 kroner. Altså: Tog er det billegaste alternativet for studentar på strekninga Oslo-Bergen.

Ein annan ting Vårt Land oversåg i si kalkyle, er prisen du må betale med flytoget frå Oslo S til Gardermoen, og med flybussen frå Bergen til Flesland. Flytoget tar 20 minutt og kostar ein veg frå Oslo sentrum til Gardermoen 160 kroner for vaksen, og 80 for student, ungdom, barn og vernepliktig. Flybussen frå Bergen sentrum til Flesland tar 30 minutt kostar 75 kroner for vaksne og 38 for barn.

Eit anna meir miljøvenleg alternativ enn fl y på reisestrekninga Oslo-Bergen er Lavprisekspressen der billettane kostar frå 49 kroner og oppover. Her fi nnst med andre ord både rimelegare og meir miljøvenlege reisemåtar på denne strekninga enn fly. Ein kan difor spørje seg kva som var årsaka til at Vårt Land valde å køyre opp akkurat distansen Oslo-Bergen som døme og ikkje sjekka ut andre typar reisemåtar mellom andre tungt trafikkerte destinasjonar i Noreg.

Det er flott at Vårt Land ønskjer å slå eit slag for klimaet med å sette fokus på dei høge utsleppa frå fly kontra tog, men dei oppnår neppe ønskt effekt ved å spreie dårleg research og lettvint journalistikk på framsida av avisa. I dette tilfellet kan det føre til at reisande ikkje ein gong gidd å sjekke togprisane i rein overtyding om at dette uansett er eit dyrare alternativ enn fly. Billeg og dårleg sensasjonsjournalistikk er klimadebatten neppe tjent med sjølv om vi vel alle er einige i at ureinande fl ybillettar av klimaårsaker burde vore svært mykje dyrare enn å reise med tog, uansett når du bestiller. Når dette derimot ikkje er sant, bør ein heller spare seg oppslaget sjølv om klimaskandalar sel godt i desse varme klimatider.

Godt miljøvenleg nytt år.

Anne Viken

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hmm. Samd med Anne i at VL har valt ei dårleg vinkling der, gitt at dei såg isolert på pris.

Det er likevel slik at reisetida med tog frå Oslo til Bergen faktisk er så lang at marknaden ikkje er villeg til å betale nær den same prisen for 2-3 gongar så lang reisetid. Viss du for eksempel skal til Bergen på forretningsreise, la oss seie i eit møte tirsdag kl. 9 - og i eit nytt møte på Hamar kl. 9 onsdag, Lillehammer kl. 12 same dag og kl. 10 i Oslo på torsdag - då blir ikkje tog med så lang reisetid noko reelt alternativ. Og ikkje alltid eignar videokonferanse seg. Viss det handlar om å få i hamn ei kontrakt til 135 mill. eller å rekruttere den rette tilsette i hard konkurranse med andre, så nyttar det ikkje å bruke opp all tid på reising. Til det er ikkje den lengre togreisa ikkje konfortabel nok.

Og med dei forventingar nær alle har til kva dei skal få ut av tida si, for å realisere seg sjølv (eller ungane sine), då freistar 6 timar på toget, med ei drøy bok, lite framfor tilsvarande ekstra tid på eh.. stranda ved Coté de Azur.

Dessutan kostar det meir pengar til dårleg mat på toget (viss du ikkje har med deg niste med sveitt kvitost) - og på toget bråkar folk og kravlar over deg når dei skal på do, dei preikar, skal av og på, med og utan ski og altfor store sekkar - det er heilt uråd å konsentrere seg om den siste essaysamlinga til naive Thure Erik Lund.

Alt dette viser at eit slikt val ikkje kan løysast gjennom vern åleine (la toget vere som det er og kast flyet på søpla). Vi må bruke intellektet vårt til å utvikle nye løysingar som tar betre omsyn til alle desse konfliktene. Raskare tog (viss straum er produsert med atomkraft?) er ei slik løysing, prising/skattlegging som forskyv valet til andre, seinare transportmiddel ei anna, eit breiare og meir intenst, og meir komplett tenestetilbod i tettare utnytta byar eit anna, mindre hyttefelt, elektroniske tenester - gudane veit kva som funkar. Stagnasjon (fy, slemme flyet!) gjer det ikkje..

helsing Bone (fetteren til Anne)
byplanleggar

Anonym sa...

.. men forresten - eg lovar å ta toget, viss det høver slik. Det har eg allereie gjort fleire gonger (berre spør Anne).

Bone

Anonym sa...

Hei Bone, fetteren til Anne!

Takk for kommentar. Jeg er nok enig i at med et slikt møteprogram som du skisserer er tog et alternativ som vil pine deg for dine siste krefter.

Det er imidlertid mange som har litt bedre tida, da, for eksempel studenter.

Men ja, en hurtigbane ville vært fantastisk, dog ikke med energi fra atomkraft (se mitt innlegg noen dager før). Atomkraft er en energimessig blindvei som uansett snart ikke kan gi nettoenergi.

Anonym sa...

Les hele bloggen, ganske bra